Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]

Koordinatar: 34°N 38°E

الجمهوريّة العربيّة السّوريّة
Al Jumhuriyat ul Arabiyat us Suriya
(Den arabiske republikken Syria)

(norsk: Syria, syrisk)

Det syriske flagget Det syriske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Geografisk plassering av Syria
Hovudstad Damaskus
Styresett
President
Statsminister
Sosialistisk arabisk republikk
Bashar al-Assad
Adel Safar
Flatevidd
 – Totalt
 
185 180 km² (88.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
22 530 746 (53.)
121,7 /km²
Sjølvstende
frå Frankrike
Erklært 1. januar 1944
Anerkjent 7. april, 1946
Nasjonaldag 17. april
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
106 400 mill. USD (67.)
4 800 USD (124.)
Valuta Syriske pund
Tidssone EET (UTC+2)



Den arabiske republikken Syria er ein stat i Midtausten. Hovudstad er Damaskus. Landet grensar til Israel, Libanon, Jordan, Irak, og Tyrkia. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (Iskenderun regionen) er omstridde.

Ulike syriske statdanningar fanst allereie i antikken, og det fanst eit syrisk språk, men det moderne Syria saknar band til dei eldre statsdanningane. Syria er ein arabarstat, som vart danna ved delinga av Det osmanske riket etter fyrste verdskrigen.

Det moderne Syria [endre]

1950-talet vart Baath-partiet den sterkaste politiske krafta i Syria. Dei kombinerte arabisk nasjonalisme med sosialisme, og det vart skrive under avtalar om økonomisk og militært samarbeid med Sovjetunionen. Etter eit militærkupp i 1963 vart store delar av næringslivet gjort statleg og det vart gjennomført ein jordreform.

Ei ny regjering i 1966 forsterka banda til Sovjetunionen. Hafez al-Assad tok makta i 1970. Etter at Hafez al-Assad døydde i 2000 vart han etterfylgd av sin son, Bashar al-Assad, som statsleiar.

Syria tapte Golanhøgdene til Israel i seksdagarskrigen. Krav om at området skal gjevast attende til Syria har fleire gonger vore eit viktig tema i fredssamtalar mellom Syria og Israel.

Satellittbilete av Syria i mai 2003
Kart over Syria

Klima [endre]

Klimaet i Syria er eit samandrag av klimaet i heile Midtausten. Langs kysten i nordvest har ein middelhavsklima, medan områda aust for fjellområda nær kysten er ørkenområde. Damaskus er ein del av den fruktbare halvmånen, som er ei overgangssone nær grensa til Libanon, med akkurat nok fukt til at ein kan drive jordbruk. Vinteren er kjølig i fjellområda og på det nordlege platået med regn ein til to gonger i veka. Ein kan i tillegg få snø eit par gonger i året i Damaskus. Frå juni til august har ein derimot ikkje regn i det heile tatt. Denne perioden er òg varm om dagen, men nettene er forholdsvis kjølige, bortsett frå i ørkenområda der til og med nattetemperaturane er ubehaglege høge midt på sommaren. I ørkenområda kan ein få regn av og til om vinteren, og i somme tilfelle til og med snø.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Syria