Bakfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakfjorden (samisk Báhkavuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til Skibsbukta i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Skjarvodden i nord og Avløysinga i sør. Vest for Avløysinga går Snefjorden sørover. Den einaste busetnaden ved fjorden er Varneset heilt inst i fjorden på sørsida. Bakfjorden er 137 meter på det djupaste, om lag halvvegs inn i fjorden.
Riksveg 889 går langs heile nordsida av fjorden.