Ballistisk galvanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oppsettet til eit ballistisk galvanometer.

Ballistisk galvanometer er eit instrument til måling av kortvarige elektriske straumimpulsar. Om ein sender ein kortvarig straumstøyt gjennom eit ballistisk galvanometer, vert utslaget proporsjonalt med ladningen (straumimpulsen), det vil sei med produktet av straumen og den tida straumen varer.

Eit ballistisk galvanometer er som regel eit speglgalvanometer eller lysflekk-galvanometer av dreiespole-typen. Det kan byggast med stor svingetid og lita demping, og det første utslaget vert då proporsjonalt med straumimpulsen. Det kan òg byggast med stor demping og ikkje-periodisk svingeforløp. Instrumentet gjev òg då eit utslag proporsjonalt med straumimpulsen, svingar så langsamt til likevektsstillinga. Den siste typen vert ofte nytta som fluksmeter til måling av magnetfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]