Elektrisk ladning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Elektrisk ladning òg kalla elektrisitetsmengd er ein grunnleggjande fysisk eigenskap for eit stoff som gjer at det verkar ei kraft på stoffet når det er i nærleiken av andre elektrisk ladde stoff. Det finst to typar elektrisk ladning, kalla positiv og negativ. Eit stoff som ikkje har noko netto elektrisk ladning vert kalla nøytralt. Positivt ladde stoff støyter frå seg andre positivt ladde stoff, men trekkjer til seg negativt ladde stoff. Negativt ladde stoff støyter frå seg andre negativt ladde stoff, men trekkjer til seg positivt ladde. SI-eininga for elektrisk ladning er coulomb (C), sjølv om ein i elektroteknikk òg ofte nyttar amperetime (Ah), og i kjemi er det vanleg å nytte elementærladninga (e) som eining. Symbolet Q vert ofte nytta for ei ladning. Studiet om korleis ladde stoff vekselverkar vert kalla klassisk elektrodynamikk, og er nøyaktig så lenge ein kan ignorere kvanteeffektar.

Elektrisk felt til ei positiv og negativ punktladning.

Den elektriske ladninga er ein fundamental bevart eigenskap til somme subatomære partiklar, som avgjer den elektromagnetiske vekselverknaden deira. Elektrisk ladde stoff er påverka av, og produserer, elektromagnetiske felt. Vekselverknaden mellom ei ladning i rørsle og eit elektromagnetisk felt er opphavet til den elektromagnetiske krafta, som er ein av dei fire fundamentale kreftene (sjå òg magnetfelt).

Eksperiment på 1900-talet synte at elektrisk ladning er kvantisert; det vil sei at ladninga er multippel av individuelle små eininga ein kallar elementærladning, e, tilnærma lik 1.602×10−19 coulomb (utanom for partiklar kalla kvarkar, som har ladningar som er multippel av ⅓e). Protonet har ladninga e, og elektronet har ladninga −e. Studiet av ladde partiklar, og korleis vekselverknaden dannar ein overgang til foton, vert kalla kvanteelektrodynamikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]