Barn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ungar i Irak.

Barn er ei nemning for ungar hos menneske, i motsetnad til vaksne. Det vert nytta ulike skilje for å markera overgangen frå barn til vaksen. Slike skilje kan vera puberteten, seksuell lågalder eller det året ein vert myndig.

Barndommen kan delast opp i ulike delar: Spedbarn, småbarn, barn, tenåring eller ungdom. Dei siste delane er blanda med, og blir i nokre samfunn rekna som, vaksen alder.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Barn er kjenneteikna ved å vera mindre, svakare og meir hjelpelause enn vaksne. Dei er avhengige av vern, omsorg og opplæring. Dei blir òg sett på som meir uskuldige, og brotsverk mot ungar vekker gjerne mykje større gru enn like handlingar mot vaksne.

Biologisk sett har ungar mange eigenskapar som gjer at eldre føler ekstra omsorg for dei, til dømes store auge og lys stemme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barn

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]