Batolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Half Dome, ein granittmonoloitt i Yosemite nasjonalpark og ein del av Sierra Nevada-batolitten.

Ein batolitt er ein stor, ofte uregelmessig masse av ein granittisk djupbergart. Forma avspeglar magmakammeret der smeltemassen krystalliserte i djupna.

Typiske batolittar er større enn 100 km² i overflata. Dersom dei er mindre, blir kalla dei for stokkar. Mange batolittar kan strekkje seg ned mot store djup i jordskorpa, men underlaget er ofte ukjent. I den seinare tida har geofysiske undersøkingar vist at dei har ei avgrensa djupn og ofte flat botn.

Karakteristiske bergartar i batolittar er granittar, syenittar, monzonittar og tonalittar. I Noreg dannar mange av dei 800–1100 millionar år gamle granittane i grunnfjellet typiske batolittar og stokkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]