Syenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Syenitt.

Syenitt er ein djupbergart som vesentleg består av alkalifeltspat, noko plagioklas og dessutan mørke mineral som biotitt, amfiboler eller pyroksenar. Mindre mengder kvarts finst vanlegvis òg med aukande mengder overgang til granitt, eller eventuelt nefelin i overgang til nefelinsyenittar). Med aukande innhald av plagioklas kjem ein over i monzonitt, med avtakande innhald i alkalisyenitt.

Normalt har syenittar ein jamnkorna tekstur, men det finst òg syenittporfyrar som fører store feltspatkrystall. Dsse opptrer særleg som gangbergartar. Einskilde typar har utprega miarolittisk tekstur, det vil sei dei er rike på druserom, til dels med sjeldnare mineral (til dømes kjent hos grefsensyenitt og nordmarkitt i Oslofeltet). Òg syenittaplitt og syenittpegmatitt kan finnast. Lavabergarten som svarar til syenitt, blir kalla trachytt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Syenitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/syenitt.