Begerblad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Begerblad (sepal, frå latin separatus 'åtskild' og gresk petalon 'blad') er ein del av blomsteren hos blomsterplantane. Begerblada er den ytre kransen av blomeblad i eit blomsterdekke med to eller fleire kransar av ulikt utforma og/eller farga blad.
Begerblada er som oftast grøne, og dei er til vanleg mindre framtredande enn kronblada. Når blomsteren er i knopp, omsluttar og vernar begerblada dei indre delane av blomsteren.
Forma på begerblada varierer mykje mellom plantefamiliane. Hos grasfamilien eller korgplantefamiliene artar i nøkleblomfamilien).