Grasfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grasfamilien
Phyllostachys aurea0.jpg
Bambusen Phyllostachys aurea
Vitskapleg namn
Poaceae
Utbreiing
Habitat: Terrestrisk
Utbreiing: Heile verda
Systematikk
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Grassletter i Indre Mongolia.
Maisåker i USA.

Grasfamilien er ei stor gruppe plantar einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda. Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar, og er den femte største plantefamilien[a][1] I Noreg finst kring 160 grarartar, fordelt på kring 60 slekter.

Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skild frå dei andre artane som gruppa åkervekster. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.

Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.

Gras til mat og fôr[endre | endre wikiteksten]

Grasplantene har vore nytta av menneske frå førhistorisk tid og har vorte nytta som mat til menneske i form av korn og som fôr til husdyr.

Frå gras til mat er det det mogne frøet (kornet) den viktigaste delen av planta. Kornet blei sådd om våren, i våronna, og hausta om hausten, i skuronna.

Frå gras til fôr er det blada og stenglane som utgjer den viktige delen av avlinga. Gras til fôr beitast direkte eller vert hausta fleire gongar i sesongen (slåttonn) og vert konservert anten ved tørking til høy eller vert einsilert som surfôr i tårnsilo, plansilo eller rundballar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grasfamilien
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.