Belene øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Belene øy
Donau mellom Belene og Belene øy

Belene øy (bulgarsk остров Белене, òg kalla Persin øy, остров Персин) er den største øya i Bulgaria. Ho er 14,5 km lang og opp til 6 km brei, og ligg midt i elva Donau nær byen Belene. Belene øy er den fjerde største øya i Donau.

Belene øy er ein del av ei gruppe øyar og Persina naturpark. Her finn ein over 170 artar av sjeldne vassfuglar, som bronseibis, dvergskarv, rosenvarsler, raudhalsgås og andre.

Øya er kjend for konsentrasjonsleiren som låg her. Denne leiren var operativ frå 1949 til 1959 (med eit opphald i deportasjonar frå 1954 til 1956). Fiendar av kommunistregime i Bulgaria vart sendt her for å gjere hardt arbeid. Det er framleis eit fengsel i drift på den vestlege sida av øya, medan den austlege delen er eit naturreservat.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]