Donau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donau
elv
Donau ved grensa mellom Slovakia og Ungarn.
Land  Tyskland,  Austerrike  Slovakia,  Ungarn  Kroatia,  Serbia  Bulgaria,  Romania  Moldova,  Ukraina
Nedslagsfelt 801 463 km²
Renn gjennom Ulm, Linz, Wien, Bratislava,
Budapest, Vukovar, Beograd,
Ruse, Galaţi
Sideelvar Inn, Drava, Tisza, Sava,
Olt, Siret, Prut
Lengd 2 888 km
Middelvassføring 6 500 /s
Kjelde St. Georgen i Schwarzwald i Tyskland
 - høgd 925 moh.
Munning Donaudeltaet i Svartehavet
Kart
Donau
45°13′19″ N 29°44′36″ E
Wikimedia Commons: Danube

Donau er den nest lengste elva i Europa (etter Volga) med ei lengd på 2 888 kilometer. Ho har sitt utspring i Schwarzwald sør i Tyskland der dei to elvane Brigach og Breg renn i hop, og på vegen ned til Svartehavet renn ho gjennom hovudstadene Wien, Bratislava, Budapest og Beograd. Elva renn gjennom, eller grensar til, ti land: Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova og Ukraina. I tillegg omfattar nedslagsfeltet til elva desse landa: Italia, Polen, Sveits, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Republikken Makedonia, Moldova og Albania.

Donaudeltaet, der Donau renn ut i Svartehavet, er det største og best bevarte elvedeltaet i Europa.

Donau har i fleire hundreår vore ei viktig transportåre, og er det framleis i dag, og ho var lenge ei av grensene til Romarriket. Den tidlegare statsdanninga Austerrike-Ungarn omfatta store delar av dei landa Donau renn gjennom. Difor vert Austerrike-Ungarn ofte kalla Donau-monarkiet.

I antikken var elva kjend som Danuvius, gresk Ἴστρος eller Istros. I dag har ho ulike namn som slovakisk Dunaj, ungarsk Duna, kroatisk Dunav, serbisk og bulgarsk Дунав/Dunav, rumensk Dunărea, engelsk og fransk Danube og tysk Donau. Dei ulike namna til elva kjem av det urindoeuropeiske ordet *dānu, som tyder «elv». Andre store europeiske elvar med same rot er mellom annan Donets, Dnepr, Dnestr, Don i Russland og Don i England.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Sideelvane til Donau greiner seg inn i ti andre land, og somme av desse er igjen viktige i seg sjølve. Frå kjelda til munningen er dei viktigaste sideelvane:

Iller - Lech - Regen (renn i hop ved Regensburg) - Isar (like nedanfor Deggendorf) - Inn (ved Passau) - Enns - Morava - Leitha - Váh (ved Komárno) - Hron - Ipel - Sió - Drava - Vuka - Tisza - Sava (ved Beograd) - Timiş - Velika Morava - Caraş - Jiu - Iskar - Olt - Vedea - Argeş - Ialomiţa - Siret - Prut

Byar[endre | endre wikiteksten]

Donau ved hovudstaden Bratislava

Donau renn gjennom fylgjande byar:

Kart med tyske namn. Donau renn gjennom fire europeiske hovudstadar: Wien, Bratislava, Budapest og Beograd

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

  • Øvre del: Frå kjelda til Devínporten. Donau er ei fjellelv før ho renn gjennom Passau, og har før dette ei gjennomsnittleg helling på 0,0012 %, og frå Passau til Devínporten minkar hellinga til 0,0006 %.
  • Midtre del: Frå Devínporten til Jernporten. Elva vert breiare og den gjennomsnittlege hellinga vert berre 0,00006 %.
  • Nedre del: Frå Jernporten til Sulina, med ei gjennomsnittleg helling på berre 0,00003 %.

Moderne skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Havgåande skip kan sigle opp Donau frå Svartehavet til Brăila i Romania og elveskip kan gå vidare til Kelheim i Bayern i Tyskland; mindre fartøy kan så gå vidare oppover elva til Ulm i Tyskland. Om lag 60 av sideelvane er òg framkommelege for ulike fartøy.

Jernporten, på grensa mellom Romania og Serbia
Etter at Rhinen-Main-Donau-kanalen vart opna i Tyskland i 1992, har elva vore ein del av vassvegen over kontinentet frå Rotterdam ved Nordsjøen til Sulina i Svartehavet (3 500 km). I 1994 vart Donau ein del av dei alleuropeiske korridorane, vassvegar i Sentral- og Aust-Europa som kravde store investeringar dei neste ti til femten åra. Om lag 100 millionar tonn varer vart transporterte på Donau i 1987. I 1999 vart det derimot vanskeleg med transport på elva etter at NATO bomba tre bruer i Serbia. Oppryddinga vart ferdiggjort i 2002. Den mellombelse pontongbrua som hemma skipsfarten vart til slutt fjerna i 2005.

Ved Jernporten renn Donau gjennom eit juv som dannar grensa mellom Serbia og Romania. Her er det bygd to vasskraftverk, eit i juvet, og eit 60 km nedanfor. I juni 2006 var det rekordstor vassføring ut frå desse demningane med 15 400 m³/s.

Det er bygd tre kanalar frå Donau: Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD) i regionane Banat og Bačka (Vojvodina, nord i Serbia); den 64 km lange Donau-Svartehav-kanalen, mellom Cernavodă og Constanţa (Romania) stod ferdig i 1984, og korta ned avstanden til Svartehavet med 400 km. Rhinen-Main-Donau-kanalen (rundt 171 km) stod ferdig i 1992, og knytte Nordsjøen til Svartehavet.

Donaudeltaet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Donaudeltaet.
Donaudeltaet har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1991. Våtmarksområdet (som òg står på Ramsar si liste) inneheld store flokkar med trekkfuglar, inkludert den utryddingstrua dvergskarven (Phalacrocorax pygmaeus). Fleire kanalar og endringar av elvefaret trugar deltaet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om kjeldeelvane til Donau i dag er relativt små, er Donau geologisk sett ei mykje eldre elv enn Rhinen, som òg har nedslagsfelt i sørlege delar av Tyskland. Sidan Rhinen er den einaste elva med utspring i Alpane som renn nordover mot Nordsjøen finst dei ei usynleg line som deler store delar av Sør-Tyskland. Denne lina vert stundom kalla Det europeiske vasskiljet.

Før den siste istida i pleistocenperioden, starta Rhinen ved den sørvestlege enden av Schwarzwald, medan vatnet frå Alpane som i dag renn ut i Rhinen, rann austover i den såkalla Urdonau. Delar av dette gamle elvefaret, som var mykje større enn dagens Donau, kan ein framleis sjå (no utan vatn) som djupe dalar i Dei schwabiske Alpane. Etter at den Øvre Rhindalen var erodert endra vassvegane i Alpane retning, og rann ut i Rhinen.

Sidan Dei schwabiske Alpane stort sett består av porøs kalkstein (karst), og sidan Rhinen ligg lågare i terrenget enn Donau, så fører undergrunnselvar mykje vatn frå Donau til Rhinen. Om sumaren, når Donau ofte har lita vassføring, kan ho forsvinne heilt gjennom desse undergrunnselvane ved to stader i Dei schwabiske Alpane, kalla Donauversickerung (Donausluket). Det meste av dette vatnet kjem opp att berre 12 km lenger sør ved Aachtopf i Tyskland, og her renn det om lag ut 8 500 liter per sekund. Dette vatnet renn ut i Bodensjøen, og dimed vidare med Rhinen. Det europeiske vasskiljet gjeld då altså berre for vatnet som renn vidare frå dette punktet, og berre dei dagane av året då Donau har nok vatn til å kome seg forbi sluka i Donauversickerung.

Sidan desse store undergrunnselvane eroderer mykje av den omliggande kalksteinen, reknar ein med at det øvre leiet av Donau ein dag vil forsvinne heilt, og etter kvart verte ein fullstendig del av Rhinen, eit fenomen kalla elvetjuveri.

Menneske[endre | endre wikiteksten]

Donau ved Ulm, der ho delar Ulm i Baden-Württemberg og Neu-Ulm i Bayern.
Donau i Budapest, sett frå Margitbrua
Donau i Wien.
Donau mellom Belene og Belene øy i Bulgaria
Ei islagd Donau i Wien i februar 2006. Dette var ein uvanleg kald vinter, og dette skjer om lag ein til to gonger i løpet av ein mannsalder.

Området rundt Donau inneheld spor av nokre av dei tidlegaste menneskekulturane, den donausk-neolittiske kulturen, som inkluderer den bandkermaiske kulturen. Frå åra 2000-5000 fvt. finn ein spor av Vučedol-kulturen, kjend for keramikken sin, og Vinča-kulturen langs Donau. Elva var ein del av Limes Germanicus (grensa mot Germania) for Romarriket.

I 1998 vart Den internasjonale kommisjonen for vern av Donau (International Commission for the Protection of the Danube River) (ICPDR) oppretta. ICPDR består av 13 medlemsland (Tyskland, Austerrike, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Ungarn, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia, Bulgaria, Romaina, Moldova og Ukraina) og EU. ICPDR vernar ikkje berre sjølve elva, men heile nedslagsfeltet, som inkluderer sideelvane hennar og grunnvasskjelder. Målet til ICPDR er å sørgje for berekraftig bruk av vatnet, inkludert konservering, betring, og rasjonell utnytting av vatnet til føremon for landa og folka i Donauområdet.

Kulturell påverknad[endre | endre wikiteksten]

Donau er nemnd i tittelen til den vidkjende valsen til den austerrikske komponisten Johann Strauss, An der schönen, blauen Donau (Ved den vakre, blå Donau). Valsen vart komponert då Strauss reiste nedover Donau, og er i dag kjend over heile verda og mykje brukt som ein voggesong.

Ein annan kjend vals om Donau er Valurile Dunărij av den rumenske komponisten Ion Ivanovici (1845–1902), som tok publikum med storm då han vart framført ved Verdsutstillinga i Paris i 1889.

Den tyske tradisjonen for landskapsmåling, Donauskulen, vart utvikla i Donaudalen på 1500-talet.

Den mest kjende boka som skildrar Donau er kanskje meisterverket Donau av Claudio Magris (ISBN 1-86046-823-3).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Drikkevatn[endre | endre wikiteksten]

Donau er drikkevasskjelda til om lag ti millionar menneske. I Baden-Württemberg i Tyskland kjem om lag 30 % (i 2004) av drikkevatnet til området mellom Stuttgart, Bad Mergentheim, Aalen og distriktet Alb-Donau i reinsa form frå Donau.

I Austerrike og Ungarn kjem det meste av vatnet frå andre kjelder, og berre i visse tilfelle vert Donau brukt. Dei fleste land brukar derimot lite av vatnet frå den særs ureina elva, på grunn av vanskar med å reinse vatnet. Berre delar av Romania, der vatnet framleis er reinare, bruker mykje drikkevatn frå Donau.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Som «Korridor VII» i EU er Donau ei viktig transportåre. Etter opninga av Rhinen-Main-Donau-kanalen knyter elva Svartehavet saman med industrisentera i Vest-Europa og hamna i Rotterdam. Vassvegen er konstruert for å ta store innlandsfartøy (110x11,45 m), men mykje større fartøy kan sigle langs store delar av elva. Donau er delvis kanalisert i Tyskland (5 sluser) og Austerrike (10 sluser). Ein har kome med framlegg om å byggje fleire sluser for å ta unna meir transport, men dette er førebels ikkje gjort noko meir med på grunn av miljømessige omsyn.

Nedanfor Freudenau-slusa i Wien, er Donau berre kanalisert ved Gabčíkovo-demninga, nær Bratislava og ved dei to vasskraftverka ved Jernporten. Desse slusene har større dimensjonar (til liks med slusene i den russiske elva Volga med 300x30 meter). Frå Jernporten og nedover renn elva fritt mot Svartehavet, ein avstand på rundt 860 km.

Donau er knytt saman med Rhinen-Main-Donau-kanalen ved Kelheim, og med Wiener-Donaukanal i Wien. Bortsett frå somme andre sideelvar er dei største framkomelege sideelvane Drava, Sava og Tisza. I Serbia er òg eit kanalnettverk knytt til elva, kalla Dunav-Tisa-Dunav-kanalane.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fiske i Donau, som var svært viktig i mellomalderen, har gått kraftig attende dei siste åra. Somme fiskarar er framleis aktive visse stader langs elva, og i Donaudeltaet er fiske framleis ein viktig industri.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Av viktige turiststader langs Donau finn ein mellom anna Wachaudalen, nasjonalparken Donau-Auen i Austerrike, naturparken Obere Donau i Tyskland, Kopački rit i Kroatia, Jernporten og Donaudeltaet i Romania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Donau