Bulgaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Република България
Republika Bălgarija

(norsk: Bulgaria, bulgarsk)

Det bulgarske flagget Det bulgarske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mila Rodino»
Motto Съединението прави силата (Bulgarsk: Samhald gjev styrke)
Geografisk plassering av Bulgaria
Offisielle språk Bulgarsk
Hovudstad Sofia
Styresett
Republikk
Rosen Plevneliev
Georgi Bliznashki
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
110 879 km² (104.)
0,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
7 037 935 (99.)
63,5 /km² (100.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Det osmanske riket
3. mars 1878
22. september 1908
Nasjonaldag 3. mars
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
92 210 mill. USD (71.)
12 800 USD (70.)
Valuta Lev
Tidssone UTC +2
Telefonkode +359
Toppnivådomene .bg


Republikken Bulgaria ligg i søraust i Europa og grensar til Svartehavet i aust, til Hellas og Tyrkia i sør, til Serbia og Republikken Makedonia i vest, og til Romania over elva Donau i nord. Frå og med 1. januar 2007 er Bulgaria medlem i EU.

Landet har fått namn etter bulgararfolket, som leia av khan Asparoukh kom inn på nord-balkanske landområde og blanda seg med slaviske og thrakiske innbyggjarar. Den første bulgarske staten blei til i 681, og landet var ei viktig europeisk stormakt på åtte- og nihundretalet. Det kjempa mellom anna mot Det bysantinske riket om kontroll over Balkan.

Det bulgarske språket er eit slavisk språk i slekt med t.d. russisk og serbisk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå bulgarsk geografi.
Kart over Bulgaria
Dei sju Rilasjøane i Bulgaria
Den bulgarske Svartehavskysten ved Sinemorets

Bulgaria utgjer delar av dei gamle områda Thrakia, Moesia og Makedonia. Den sørvestlege delen av landet er fjellkledd med to alpine fjellkjeder - Rila og Pirin - og lenger aust dei lågare, men meir utstrekte Rodopifjella. I Rila ligg det høgaste fjellet på Balkan, Musala med ei høgd på 2925 meter. Den lange fjellkjeda Balkanfjella går frå vest mot aust i sentrale delar av landet, nord for den vidkjende Rozovadalen (Rosedalen). Ein har åskledde landskap og sletter i søraust, langs kysten av Svartehavet, og langs den største elva i Bulgaria, Donau, i nord. Andre store elvar i landet er mellom anna Struma og Maritsa i sør.

Balkan har fått namnet sitt frå Balkanfjella (eller Stara Planina) som delar Bulgaria i to frå Serbia i vest til Svartehavet i aust.

Dei største byane i landet er Sofia (1 246 791), Plovdiv (376 918), Varna (345 522), Burgas (259 985), Ruse(177 538), Stara Zagora (163 193), Pleven (121 700), Dobritsj (115 861) og Sliven (100 300).

Bulgaria har ein vitskapleg baseLivingstonøya i Sør-Shetland i Antarktis.

Klima[endre | endre wikiteksten]

To fjellrekkjer og to breie dalar påverkar mykje av klimaet i Bulgaria gjennom heile året, og klimaet er ein overgang mellom middelhavsklima i sør og klimaet i sørlege delar av Russland i nord. Balkanfjella går aust-vest gjennom sentrale delar av landet, og skjermar delvis dei sørlege låglanda mot vinterkulda frå nord. Langs den sørlege grensa finn vi Rodopifjella, som hindrar varm og fuktig luft frå Hellas i å strøyme nordover. Det er likevel varmt i Bulgaria om sommaren. Sofia er eit par grader kjøligare enn dei låge dalane i aust, og spesielt kysten langs Svartehavet er mildare om vinteren. Hausten fører ofte med seg moderate temperaturar og er den tørraste tida på året, medan vinteren som regel er kjølig og skya. Snø er ganske vanleg i store delar av landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bulgaria