Belyj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belyj (russisk Белый остров eller Belyi ostrov) er ei relativt stor øy i Karahavet like utafor Jamalhalvøya i Sibir, Russland.
Belyj dekkjer eit areal på 1810 km². Ho er dekka av tundra, men ein finn òg noko lågt kratt på øya. Mellom øya og fastlandet ligg Malyginasundet som er 8-10 km breitt og islagd det meste av året.
Øya høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug, som høyrer til den nordlege delen av Tjumen oblast.
Det ligg ein russisk forskingsstasjon heilt nordvest på Belyj.
[endre] Nærliggande øyar
I den store bukta på austsida av Belyj ligg ei 10 km lang øy kalla Bezymjannij. Ostrov Tabango og Ostrov Tiubtsiango ligg 20 km sør for det søraustlege hjørnet av Belyj.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bely Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Vegetasjon på Belyj: [1]
- Satellittbilete av den russiske forskingstasjonen: [2]