Benjamin Franklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Benjamin Franklin

Benjamin Franklin (17. januar 170617. april 1790) var ein amerikansk journalist, forfattar, filantrop, vitskapsmann, oppfinnar, diplomat og mykje meir. Han var ein av leiarane av den amerikanske revolusjonen, og i motsetning til George Washington og Thomas Jefferson var han imot slavearbeid. Han vert også hugsa for eksperimenta han gjorde med elektrisitet. Benjamin var den fyrste til å foreslå sommartid, som ikkje vart innført før fyrste verdskrig.

Sitat av Benjamin Franklin[endre | endre wikiteksten]

  • Vi må alle henge i saman, ellers blir vi hengt kvar for oss
  • Hugs, tid er pengar

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Benjamin Franklin vart fødd i Boston. Han var yngst i ein syskjenflokk på sytten. Som tiåring slutta han på skulen og då han var tolv byrja han som lærling hos broren som arbeidde som trykkeriarbeidar på eit trykkeri i ei lokalavis. Etter ei usemje med broren slutta han og reiste, først til New York, seinare til Philadelphia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]