Musikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingebrigt Håker Flaten er ein norsk jazzmusikar som speler kontrabass.

Ein musikar er ein person som skaper musikk. Til dette kan musikaren bruka eit eller fleire instrument, musikkteknologi, eller ganske enkelt stemma si. Ein som lagar musikk utan nødvendigvis å framføra han kallar me ein komponist, og ein som lagar musikk ved å dirigera eit orkester blir kalla ein dirigent. Desse kan òg kallast musikarar.

Musikarar kan grupperast på ulike vis, til dømes etter kva musikkstil eller tradisjon dei speler i, kva instrument dei speler, kor dei kjem frå eller kor dei utvikla musikkstilen sin.

Dei kan òg opptre på forskjellig vis, anten åleine som solistar, i mindre grupper eller ensemble, eller i større samanslutningar som korps eller orkester.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]