Berekraftig utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Berekraftig utvikling er definert som ei utvikling som tilfredsstiller behova til dagens generasjon utan å øydeleggje høvet for kommande generasjonar til å få dekt sine behov. Berekraftig utvikling omfattar både økonomisk berekraft, berekraft for miljøet og sosial berekraft, der også den kulturelle dimensjonen inngår.

Eit døme på ein ressurs som bør styrast etter prinsippet om berekraftig utvikling, er torsk. For nokre få år sidan vart det lagt fram tal som viste at torskefangsten i verda har gått ned med 70% sidan 1970. Også for den norske kysttorsken er situasjonen særs alvorleg.

The Blue Marble.jpg

Berekraftig utvikling vart sett på dagsordenen då Brundtlandkommisjonen la fram rapporten «Vår felles framtid» i 1987. Riokonferansen om miljø og utvikling i 1992 var ein milepåle i det internasjonale miljøarbeidet.

Berekraftig produksjon[endre | endre wikiteksten]

Berekraftig produksjon er tufta på integrering av omsynet til miljøet i heile verdikjeda – frå produksjon av råvarer, til materialforedling, industriell produksjon, produktutvikling, distribusjon og sal. Omgrepet føreset òg dokumentasjon av livsløpet til produkta.

Berekraftig forbruk[endre | endre wikiteksten]

Berekraftig forbruk inneber at forbrukarane har ei miljømedviten åtferd når dei vel materialar og produkt, og at dei bidreg til å utnytte gjenbrukseigenskapane til produkta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]