Torsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torsk

Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: LC Livskraftig

Torsk
Torsk

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Gadiformes
Familie: Gadidae
Slekt: Gadus
Art: G. morhua
Vitskapleg namn
Gadus morhua
Torsk
Namn på andre språk
Norrønt þo(r)skr
Nordsamisk Dorski
Svensk Torsk
Dansk Torsk
Engelsk Cod
Tysk Kabeljau, Dorsch
Fransk Morue, cabillaud
Spansk Bacalao común, bacalao del Atlántico
Russisk Treska (Треска)

Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien. Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk' (norr. turskr av turrfiskr).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Torsken kan bli opptil 150-200 cm lang og vega over 50 kg. Han har tre ryggfinnar, to gattfinnar og ein finne under munnen som minner litt om skjegg.

Fargen på fisken endrar seg med habitatet. I havområde med mykje algar får gjerne skinnet eit raud- eller grønskjer, medan fisk som lever nær botnen eller over sandbotn gjerne blir bleikgrå i fargen.

Dei indre organa til ein torsk.

1: Lever
2: Symjeblære
3: Rogn
4: Blindsekkar
5: Magesekken
6: Tarmen (litt skjult bak rogna)

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Ein har drive torskefiske langs norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og allereie i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særleg til Spania og Italia. Denne handelen har gått føre seg i over tusen år utan brot, og er fortsatt viktig. Tørrfisken blir i første rekke produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei skjer ved byrjinga av kvart år.

Sidan 1970-talet har torskefisket vore regulert i Noreg for å avverga overfiske, men også før denne tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Torsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.