Bermudarigg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein yawl med bermudarigg

Eit bermudarigga fartøy har eit tilnærma trekanta storsegl, der mast og bom utgjer to av sidene. Bermudarigga ketch og yawl har òg bermudasegl på mesanmasta. Ein bermudarigg er lettare å handtere[treng kjelde] enn ein gaffelrigg. Båten kan òg gå høgare mot vinden.

Denne riggen var vanleg på Bermudaøyane på 1800-talet. I Europa fekk han oppsving etter olympiaden i Antwerpen i 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjøfartsleksikon - en maritim håndbok. Teknologisk Forlag 1980