Bernt Frilén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Frilén
Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. juni 1945
Sverige
Død

7. mai 2019 (73 år)
Varberg

Idrett orientering

Bernt Frilén (3. juni 19457. mai 2019) var ein svensk orienteringsløpar. I tida 1967-75 vann han tre gullmedaljar i verdsmeisterskap og like mange gullmedaljar i nordiske meisterskap.

Frilén var nærare 6 minutt føre den beste av tre landsmenn då han i 1967 vart nordisk meister i danske Viborg. Fire år seinare kom han på sølvplass både i den individuelle tevlinga og i stafetten ved den nordiske meisterskapen, i begge tevlingane sprang Åge Hadler inn til triumf. Under VM 1972 måtte Frilén sjå seg slått av Stig Berge og Åge Hadler individuelt, men sprang så Sverige inn til suveren fyrsteplass i stafetten. Då VM 1974 fann stad i danske Silkeborg lukkast Frilén vinne både den individuelle øvinga og stafetten. Året etter kopierte han prestasjonen då han vart nordisk meister med 8 sekunds margin til den finske sølvmedaljøren, før han avslutta med å vinne stafetten for Sverige.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]