Viborg
- Sjå òg Viborg i Danmark
| Viborg Вы́борг |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Utsikt frå Viborg slottstårn ut over byen | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||||
| Grunnlagd Bystatus |
1293 1403 |
||||
| Borgarmeister | Vasilij Osipov | ||||
| Geografi | |||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
78 595 |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 188800-188811 | ||||
| Retningsnummer (tlf) | +7 81378 | ||||
| Bilnummer | 47 | ||||
| Nettstad: www.city.vbg.ru | |||||
Viborg (russisk Вы́борг, Vyborg, finsk Viipuri, svensk Viborg) er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Viborg ligg ved Finskebukta på Det karelske neset. Hovudgata i Viborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Viborg vart grunnlagt av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjon austover, i sentrum av ein gammal karelsk busetnad og handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart drege på nytt, aust for Viborg.
Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dermed også Viborg, til Sovjetunionen. Deretter erobra Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuert, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.
I dag [endre]
Dagens Viborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Viborg både med buss og tog. I byen bur det 78 595 (2008) menneske. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Viborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.
Kjende stader [endre]
Den viktigaste kjende staden er Viborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det også, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart rive på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårn.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Viipuri-keskuksen sivut
- Wiipuri-Yhdistys ry (Det finske Viborg-sambandet)
- www.vanhaviipuri.com - Bilete frå det gamle Viborg
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: St. Petersburg (administrativt fråskild) | ||
| Boksitogorsk · Gattsjina · Ivangorod · Kamennogorsk · Kingisepp · Kirisji · Kirovsk · Kommunar · Ljuban · Lodejnoje Pole · Luga · Nikolskoje · Novaja Ladoga · Otradnoje · Pikaljovo · Podporozje · Primorsk · Priozersk · Sertolovo · Siasstroj · Sjlisselburg · Slantsy · Sosnovyj Bor · Svetogorsk · Tikhvin · Tosno · Volosovo · Volkhov · Vsevolozjsk · Viborg · Vysotsk | ||