Betatron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein 6 MeV-betatron (1942)

Ein betatron er ein partikkelakselerator som lagar betastråler. Den første betatronen vart bygd av amerikanaren D. W. Kerst i 1940, men prinsippet han fungerer etter, vart tidlegare gjeven av mellom andre nordmannen Rolf Widerøe i 1928.

Betatronen er ein induksjonsakselerator. Den største betatronen er bygd ved University of Illionis i USA i 1960 og har levert elektron med energi på 350 MeV. Maskinen veg 340 tonn og baneradien til til elektrona er 1,2 meter.

Betatronen vert nytta i kjernefysisk forsking for å studere elektronet og eigenskapane til partikkelen, mellom anna som kjelde til røntgenstråling og vidare bruk av denne. Betatronen er mykje nytta for strålebehandling ved kreftsjukdommar. I Noreg vart den første betatronen installert i 1952 ved Det Norske Radiumhospital i Oslo til strålebehandling av kreft. Betatronar er sidan vorte erstatta av lineærakseleratorar for elektron.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Betatron