Røntgenstråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit røntgenbilde viser beina i føtene.

Røntgenstråling er ein type ioniserande elektromagnetisk stråling som har særskilde eigenskapar i høve til biologisk materiale. Strålinga har kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling, men lengre bølgjelengd enn gammastråling, det vil seie ca mellom ti nanometer og ti pikometer.

Innhaldsliste

[endre] Bruk

Strålinga kan mellom anna trenga gjennom mjukt vev i menneskekroppen, men ikkje skjelettet eller tyngre stoff som bly. På grunn av dette blir det mykje brukt mellom anna innan helsevesenet til å ta bilde av innsida av kroppen. Strålinga blir òg brukt innan materialundersøking og krystallografi.

Strålinga kan òg skada kroppen og aukar risikoen for å få kreft. På den andre sida blir ho òg brukt til å drepa kreftsvulstar i stråleterapi.

[endre] Historie

Fysikaren Wilhelm Röntgen oppdaga strålinga i 1895, og tok det første røntgnebildet, av handa til kona si. For dette fekk han den første Nobelprisen i fysikk i 1901.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Røntgenstråling

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk