Billingstad stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billingstad stasjon.
Foto: Jan-Tore Egge (2010)

Billingstad stasjon er ein jarnbanestasjon på Drammensbanen på Billingstad i Asker kommune. Stasjonen vart opna i 1919 som haldeplass, og har namn etter den tidlegare garden Billingstad, som òg har gjeve namn til stroket Billingstad som stasjonen ligg i. Haldeplassen fekk status som stasjon i 1921,og fekk ein skikkeleg stasjonsbygning då stasjonsbygningen på Skøyen stasjon i noverande Oslo vart flytta til staden i 1920 og bygd om for føremålet. Flyttinga vart gjort i samband at ein ny stasjonsbygning i mur vart sett opp på Skøyen; denne bygningen står der framleis.

Då Drammensbanen vart bygd om til dobbeltspor i 1950-åra, og banen då vart lagt i tunnel aust for stasjonen i staden for å gå i ein sløyfe i lia, vart den noverande såkalla høgstasjonen med ekspedisjonsbygning og plattform mellom dei to spora bygd, teikna av arkitekt Torolf Larsen ved NSBs arkitektkontor i 1958. Denne stasjonen fekk inngang under det eine sporet attmed ein vegundergang, og med både rampe og trapp opp til plattformnivået inne i stasjonsbygningen. Stasjonen ligg 41,2 meter over havet og 17,62 kilometer frå Oslo sentralstasjon. Den tidlegare stasjonsbygningen og eit sidespor for godsvogner er fjerna.

Stasjonen vart frå 1982 rekna som haldeplass, og berre lokaltog stoggar her.

Billingstad stasjon er altså mykje yngre enn Drammensbanen, som vart bygd i 1872. Ein pådrivar for å få til ein stasjon på Billingstad var Inga Falsen Gjerdrum (1863–1934), som er vorte heidra ved å få ein veg på sørsida av jarnbanelina kalla opp etter seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]