Billy Strayhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Strayhorn, fotografert av Carl van Vechten, 14. august 1958

William «Billy» Strayhorn (29. november 191531. mai 1967) var ein amerikansk jazzmusikar som frå 1939 til han døydde var musikar, arrangør og komponist i Duke Ellington Orchestra.

Strayhorn var fødd i Dayton i Ohio, familien flytta seinare til Pittsburgh i Pennsylvania. Han budde også hjå besteforeldra sine i Hillsborough i Nord-Carolina, og mormora hans var ein viktig musikalsk påverkar som spelte salmar på piano og grammofonplater for han .

Ellington og Strayhorn knytte eit livslangt, tett vennskap. Under plateopptak tok Strayhorn i blant plassen til Ellington ved pianoet, og pianoduettane deira var berømte. Strayhorn sette sitt definitive preg på sounden til Duke Ellington Orchestra. Signaturstykket deira, den kjente Take the A-Train, var det Strayhorn som komponerte. Han skreiv òg dei kjente stykka Chelsea Bridge og Lush Life. Strayhorn forlèt orkesteret til Ellington nokre år for å forfølgje sin eigen karriere. Han gav ut fleire album under sitt eige namn og produserte teateroppsettingar saman med venen Luther Henderson. Kort tid etter at han døydde spelte Duke Ellington Orchestra inn eit album til hans ære ...And His Mother Called Him Bill. På plata finst Johnny Hodges si rørande fortolking av den siste komposisjonen til Strayhorn, «Blood Count».

Strayhorn fekk ei klassisk utdanning og skreiv instrumentalarrangement av eit raffinement som var sjeldan i tidas jazz. Han blir òg rekna som ein av dei beste arrangørane i jazzen i det heile. Komposisjonane hans har ofte ein bittersøt stemning og er oppbygd ut frå klassiske førebilde, noko som som skil dei frå Duke Ellington sine.

Strayhorn var ope homofil,[1] men han levde i ei intolerant tid og viste lite behov for sjølvhevding, så stort sett heldt han seg i den store skuggen til Duke Ellington. Billy Strayhorn døydde i New York.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. David Hajdu (2010-09-30). «Celebrating Billy Strayhorn». www.cityfolk.org. http://www.cityfolk.org/celebratingstrayhorn/essay.htm. Henta 2011-12-03. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • James Lincoln Collier:Duke Ellington, Oxford University Press 1987
  • David Hajdu: Lush Life: A Biography of Billy Strayhorn, Farrar, Straus, Giroux, New York 1996. ISBN 0-374-19438-6.
  • Van de Leur, Walter (2002). Something to Live For: The Music of Billy Strayhorn. New York: Oxford University Press. ISBN 0195124480. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]