Birmingham i Alabama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birmingham
by
Flagg
Land  USA
Stat Alabama
Fylke Jefferson County, Shelby County
Areal 393,5 km²
Folketal 212 237
Folketettleik 539,36 / km²
Kart
Birmingham i Alabama
33°31′03″N 86°48′34″W / 33.5175°N 86.809444444444°W / 33.5175; -86.809444444444
Wikimedia Commons: Birmingham, Alabama

Birmingham er den største byen i den amerikanske delstaten Alabama og hovudsetet for fylket Jefferson County. Delar av byen ligg i fylket Shelby County sør for Jefferson. I følgje folketeljinga i 2010 er det 212 237[1] innbyggjarar i Birmingham, men med forstader er folketalet 1 170 012. Byen ligg litt nord for sentrum av Alabama.

Birmingham vart grunnlagd som ein industriby i 1871, etter den amerikanske borgarkrigen. Byen blomstra gjennom hundreårsskiftet, noko som gav han klengenamnet «Magic City» (den magiske byen).

Som ein storby i det sterkt rasesegregerte Alabama, var Birmingham prega av rasekampane gjennom 1960-talet. I 1963 vart tre afro-amerikanske jenter drepne av ei bombe, plassert der av Ku Klux Klan, ved ei baptistkyrkje.

Etter kvart har byen fått ein variert økonomi med både industri og tenestenæring. Sjølv om industrien framleis er viktig, er Birmingham òg eit senter for bankar og trykkeri, og det føregår òg viktig medisinsk forsking der.

Folk frå Birmingham[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Birmingham's Population» (på engelsk). Birmingham Public Library. Henta 16. desember 2020.