Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emmylou Harris
Emmylouharrissf2005.jpg
Emmylou Harris spelar på Hardly Strictly Bluegrass Festival i San Francisco i 2005.
Fødd 2. april 1947 (67 år)
Birmingham i Alabama, USA
Instrument Song, gitar
Sjanger Folk, countryrock, country, bluegrass, rock, pop, alt-country
Aktive år 1969 til i dag
Yrke Songar og låtskrivar, musikar, produsent, arrangør
Tilknytte artistar Gram Parsons
John Prine
James Burton
Rodney Crowell
Bob Dylan
Ricky Skaggs
Beth Neilsen Chapman
Dixie Chicks
Albert Lee
Arlo Guthrie
Neil Young
The Band
Don Williams
Dolly Parton
Little Feat
Linda Ronstadt
Dave Matthews
Patty Griffin
Willie Nelson
John Denver
Bruce Springsteen
Steve Earle
Ryan Adams
Bright Eyes
Spyboy
Mark Knopfler
Juice Newton
Iris Dement
The Nash Ramblers
Plateselskap Jubilee, Reprise, Warner Bros., Elektra, Rhino, Nonesuch
Nettstad www.emmylouharris.com

Emmylou Harris (fødd 2. april 1947 i Birmingham i Alabama i USA) er ein amerikansk musikar, songar og låtskrivar innan country og alternativ rock.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Faren Walter Rutland «Bucky» Harris, var offiser i den amerikanske marinen, medan mora Eugenia (Murchison) Harris var heimeverande. Harris har ein eldre bror, Walter Rutland Harris Jr.

Ho voks opp i Greensboro i Nord-Carolina og Woodbridge i Virginia. Som 16-åring fekk ho den første gitaren sin, ein Kay obtained. Han var ei bursdagsgåve frå bestefaren. Harris studerte drama ved University of North Carolina i Greensboro, North Carolina frå 1965-1967.

Dei første idola hennar var Peter, Paul and Mary, Bob Dylan, Joan Baez, Son House, The Carter Family, Judy Collins og Woody Guthrie.

Ho forlét i slutten av 60-åra universitetet i Nord-Carolina for å verte visesongar i New York. Ho kom for seint, visemiljøet var erstatta av psykedelisk rock, men ho vart likevel ein solid artist dei få stadane som framleis var, som Gerdes People City.

I 1969 gav ho ut det første albumet sitt, men plateselskapet gjekk konkurs og det same gjorde ekteskapa hennar med musikaren Tom Slocum. Ho stod tilbake som aleinemor i Nashville utan platekontrakt eller folk som kunne hjelpe. Det gjekk ikkje og ho flytta til nærleiken av Washington DC, der foreldra hennar hadde kjøpt ein gard. Etter å ha kome seg på fote att, byrja ho igjen å spele lokalt, og dette førte til eit samarbeid med Gram Parsons i 1971. Som tidlegare medlem av The Byrds og The Flying Burrito Brothers var Parsons på den tida ein av dei sterkaste banda mellom country og rock.

Emmylou Harris dukka opp som vokalist på to LP-plater av Parsons GP i 1971 og Grievous Angel i 1973 (begge countryrock-klassikarar) før han døydde nesten 27 år gammal i 1973.

Manageren til Parsons spurde Harris om å fortsetje på eiga hand, og i 1975 braut ho endeleg gjennom med albumet Pieces of the Sky. Samstundes danna ho The Hot Band, som eksisterte fram til byrjinga av 90-talet med mellom andre musikarane James Burton, Rodney Crowell og Albert Lee. Samstundes auka etterspurnaden etter henne som songar stadig.

I 1987 vart ho gjenforeint med Linda Ronstadt og Dolly Parton på albumet Trio, ein suksess som vart gjenteke i 1999. I 1991 danna ho den bluegrass-baserte gruppa The Nash Ramblers og på det nye albumet Stumble Into Grace arbeidde ho saman med Daniel Lanois og Kate and Anna McGarrigle.

I 1996 fekk ho ein Grammy for Wrecking Ball og i 2002 fekk ho æresprisen til Billboard som «århundrets artist».

I 2006 arbeidde ho saman med Marker Knopfler på album All the Road Running, etterfulgt av konsertalbumet Real Live Road Running.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Harris har vore gift tre gonger, og er mor til to døtrer.

Ektefellar:

  • Tom Slocum 1969-1970.
  • Brian Ahern 1977-1984.
  • Paul Kennerley 1985-1993.

Ho bur i dag i Nashville med mora si. Faren døydde i 1993, 72 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  1. Gliding Bird (Jubilee) 1969
  2. Pieces of the Sky (Reprise/Warner Bros.) 1975
  3. Elite Hotel (Reprise/Warner Bros.) 1975
  4. Luxury Liner (Warner Bros.) 1977
  5. Quarter Moon in a Ten Cent Town (Warner Bros.) 1978
  6. Blue Kentucky Girl (Warner Bros.) 1979
  7. Light of the Stable (Warner Bros.) 1980
  8. Roses in the Snow (Warner Bros.) 1980
  9. Evangeline (Warner Bros.) 1981
  10. Cimarron (Warner Bros.) 1981
  11. Last Date (Warner Bros.) 1982
  12. White Shoes (Warner Bros.) 1983
  13. The Ballad of Sally Rose (Warner Bros.) 1985
  14. Thirteen (Warner Bros.) 1986
  15. Angel Band (Warner Bros.) 1987
  16. Bluebird (Reprise/Warner Bros.) 1989
  17. Brand New Dance (Reprise/Warner Bros.) 1990
  18. At the Ryman (Warner Bros.) 1992
  19. Cowgirl's Prayer (Elektra/Warner Bros.) 1993
  20. Songs of the west (Warner West) 1994
  21. Wrecking Ball (Asylum/Warner Bros.) 1995
  22. Spyboy (Eminent) 1998
  23. Red Dirt Girl (Nonesuch/Warner Bros.) 2000
  24. Stumble into Grace (Nonesuch/Warner Bros.) 2003
  25. Songbird: Rare tracks and forgotten gems (Rhino) 2007
  26. All I intended to be (Nonesuch) 2008

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  1. Profile: Best of Emmylou Harris (Reprise) 1978
  2. Profile II: Best of Emmylou Harris (Warner Bros.) 1984
  3. Portraits (Warner Archives) 1996
  4. Anthology: The Warner/Reprise years (Rhino) 2001
  5. The very best of Emmylou Harris: Heartaches and highway (Rhino) 2005

Andre album[endre | endre wikiteksten]

  1. Trio (med Dolly Parton og Linda Ronstadt) (Warner Bros.) 1987
  2. Duets (Reprise) 1990
  3. Trio 2 (med Dolly Parton og Linda Ronstadt) (Elektra) 1998
  4. Western wall: The Tuckson sessions (med Linda Ronstadt) (Elektra) 1999
  5. All the Roadrunning med Mark Knopfler (Warner Bros.) 2006
  6. Real live Roadrunning med Mark Knopfler (Warner Bros.) 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]