Bit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein bit (forkorta b, og uttala bitt) er ei grunnleggande eining for diskret informasjon. Ein bit kan ha éin av to ulike verdiar, vanlegvis representert ved «0» og «1», «sann» og «usann», «av» og «på» eller ein kva som helst annan kombinasjon av to gjensidig utelukkande tilstandar.

Omgrepet vart først nytta av Claude E. Shannon i ein artikkel frå 1948. Ordet er ei samantrekking av binary digit (eventuelt binary digit).

I elektroniske system vert det ofte nytta byte om ei samling av bit, opphavleg av varierande storleik. I dag er ein byte i praksis alltid åtte bit. Åttebit-byte er også kjent som oktett, medan firebit varianten er kjent som nibble. Eit binært ord i samband med maskinvare, og programvare, er som oftast sett saman av ein toerpotens Byte: 8-, 16-, 32-, 64 eller 128 bit. I samband med tele- vert overføringskapasitet ofte gjeve i bit/s (bit per sekund), medan Byte/s ofte vert nytta i samband med nettkommunikasjon.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.