Datanett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
NOAA Internet example.png

Datanett er eit nettverk av fleire datamaskinar eller andre einingar, som er kopla saman med pakkesvitsja nett, realiserte med ei blanding av ulike teknologiar, som til dømes Ethernet, ATM, optisk fiber eller radiosamband (trådlaust nett). Datanett kan klassifiserast etter ulike kriteria.

Topologi[endre | endre wikiteksten]

Små nett har ofte ein enkel toplogi, som stjernetopologi, ringtopologi, medan store nett ofte har ein komplisert topologi, med fleire alternative vegar, både for å auka kapasiteten og for å gjera nettet mindre følsamt for feil. Nett som bind saman prosessorar og minne i superdatamaskinar har ofte ein regulær topologi, som rektangular, tretoplogi, eller ei eller anna form for multitrinnnett.

Fysisk utstrekning[endre | endre wikiteksten]

  • Globale nett strekkjer seg om heile kloden og har ein komplisert topologi, med innebygd redundans.
  • Bynettverk er nettverk som dekkjer ein by, eit industriområde, eller liknande.
  • Lokalnett er nett som typisk strekkjer seg over ein, eller nokre få bygningar.
  • Personlege nettverk er små nettverk som omfattar eit lite areal, som til dømes eit lite kontor, eller eit privat nettverk i heimen.
  • Ein kan òg nytta datanett for å kommunisere mellom integrerte krinsar på eit kretskort, eller mellom ulike einingar på ein integrert krins. I nokre slike tilfelle kan grensa mellom asynkrone databussar og datanett vera noko uklår.

Ulike bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Datanett vert nytta for mange ulike oppgåver og sjølv om det dei har mange fellestrekk vert dei ulike typane i stor grad tilpassa bruksområdet, både på fysisk nivå og på protokollnivå. Dei ulike netta vert kopla saman med omsetjarar som konverterer dei ulike fysiske signala og protokollane slik at dei kan kommunisere med kvarandre.

  • Kabelbasert lokalnett: Ethernet er den dominerande teknologien på dette området, men tidlegare var tokenring noko utbreidd.
  • Trådlause lokalnett
  • By- og stamnettverk: På dette området vert det nytta teknologi som ATM, FDDI og SMDS.
  • Industrielle nett: Det finst mange ulike nett som er tilpassa ulike industrielle bruksområde, som til dømes Fieldbus, for sanntidskommunikasjon, Industrial Ethernet, som er tilpassa automatisering og styring, og så bortetter.
  • Køyretøynett: CAN-bus

Fysisk samband[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk kabel[endre | endre wikiteksten]

Mange nett kommuniserer over elektrisk kabel, der dei mest vanlege typane er tvinna parkabel, som vert nytta til dømes for Ethernett og koaksialkabel, som vert nytta for å kommunisere over lengre avstandar, men parallell parkabel er òg framleis i bruk der det er for dyrt å bytta han ut.

Optisk fiber[endre | endre wikiteksten]

Optisk fiber har stor kapasitet og kan nyttast over lange avstandar og vert typisk nytta som stamnett mellom byar og for undervasskabel. Etter som prisen har gått ned vert det meir vanleg å nytte optisk kabel for kortare strekningar, som til dømes mellom nettsentralar (ofte samanfallande med telefonsentralar) og dei einskilde abonnentane. Optisk fiber vert òg nytta i brann- og eksplosjonsfarlege miljø, etter som det ikkje er fare for gnistar.

Radiosamband[endre | endre wikiteksten]

Radiosamband vert nytta i trådlause lokalnett, men òg for mindre stamnett der det er vanskeleg å leggje kabel, som til dømes i område med fjordar og fjell.

Protokollar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fysisk kommunikasjon (kabel, optisk fiber, radio) har datanett fleire lag med protokollar, som er standardar som fastset korleis informasjonen som skal overførast skal pakkast, korleis dei ulike einingane skal kommunisere med kvarandre, korleis dataflyten skal handsamast, og så bortetter. ISO har definert ein 7-lags referansemodell [1], kalla OSI-modellen, men praktiske nett skil seg noko frå denne referansen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tanenbaum, A.S., Day, W. og Waller, S., Computer Networks, Prentice Hall, 2002.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]