Björna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°33′4″ N 18°35′40″ E Björna eller Björna stationssamhälle (sørsamisk: Bïerne)[1] er ein tettstad i Örnsköldsviks kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i Sverige som òg husar Björna sockens kyrkje, Björna kyrka. Kyrkja ligg cirka 2 km vest for tettstaden. Björna ligg ved länsväg 352 cirka 36 kilometer frå Örnsköldsvik, og 30 kilometer frå Örnsköldsviks flygplats. Stambanan genom övre Norrland passerer gjennom Björna, som tidlegare hadde sin eigen jernbanestasjon, Björna station.

I tettstaden ligg hovedsenteret for Gideälvens rektorsområde. Dette har gjort at Björna har både forskule og 1.-9. klasse i grunnskulen. I Björna ligg òg aldershjemmet Björnaborg, eit helsesenter for distriktet, eit offentleg tannlegekontor, kino, fritidshus og bibliotek.

Björna har eit fotballag, Björna Bombers, som spelar i ein av dei lågare divisjonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Per-Martin Israelsson & Sakka Nejne; Svensk-sydsamisk Sydsamisk-svensk ordbok och ortnamn, Sametinget 2007, ISBN 91-975124-9-4