Blackdown Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°56′49″N 3°13′47″W
Blackdown Hills
Area of Outstanding Natural Beauty
none  Blackdown Hills AONB nær Dalwood i  Devon
Blackdown Hills AONB nær Dalwood i Devon
Land Flag of England.svg England
Region Devon Somerset
stad Sørvest-England
 - koordinatar 50°56′49″N 3°13′47″W
Høgaste punkt
 - stad Staple Hill
 - høgd 315 moh
 - koordinatar 50°56′34″N 3°05′25″W
Areal 370 km²
Geologi Øvre grønsandstein

Blackdown Hills er ei åsrekkje langs grensa mellom Somerset og Devon sørvest i England, som har status som Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).[1]

Det er spor etter menneskeleg busetnad i åsane sidan jernalderen, og fleire av åsane ar restar etter åsfort. Her finst òg Dunkeswell Abbey og fleire landsbykyrkjer. Åsane er kryssa av eit nettverk av mindre vegar og dei større vegane går rundt åsane.

Den høgaste av åsane er Staple Hill i Somerset med ei høgd på 370 meter over havet. River Culm spring ut frå åsane nær Culmhead og renn vestover gjennom Hemyock til ho munnar ut i River Exe nordvest for Exeter. Andre elvar som spring ut i åsane er River Otter, River Yarty og Corry Brook.

Landsbyar kring åsane er Staple Fitzpaine, Buckland St Mary, Whitestaunton, Wambrook, Churchstanton, Dunkeswell, Upottery, Smeatharpe, Hemyock, Blackborough, Yarcombe, Membury, Stockland, Sheldon og Cotleigh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «What is an AONB». Blackdown Hills AONB. http://www.blackdown-hills.net/What-is-an-AONB.html. Henta 3. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]