England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
England
England sitt flagg
England COA.png
Flagg Våpenskjold
Kongeleg motto: Dieu et mon droit (fransk: Gud og min rett)
Offisielt språk Engelsk (i røynda)
Hovudstad London
Flatevidd
 - Total

130.395 km²
Folkesetnad (2001)
 - Total
 - Tettleik

49.138.831
377/km²
Valuta Britisk pund
Tidssone UTC
Nasjonalsong God Save the Queen (i røynda)
Nasjonalt toppnivådomene .uk

England er den største og mest folkerike av dei fire nasjonane som utgjer Storbritannia. England ligg i den søraustlege delen av øya Storbritannia, og grensar direkte mot Wales og Skottland.

Westminster

Namnet England kjem frå anglarane, eit av fleire germanske folk som kom til øya i det 5. og det 6. hundreåret. Området var på den tida delt i fleire riker, sju av dei blei i fellesskap omtala som Heptarkiet og var dei viktigaste. Samlinga til eitt rike fann stad i det 8. og det 9. hundreåret, og blei rekna som fullført under Alfred den store (regjerte 871899).

England blir styrt direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg heile hovudstaden i heile Storbritannia. Mot slutten av det 20. hundreår starta ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, då det blei oppretta regionale parlament.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett utgjer grevskapa (counties) det regionale nivået i England. Desse utvikla seg frå gamle politiske einingar frå før samlinga av England, slik som kongerika Sussex og Kent. Andre utvikla seg frå mellomalderlege einingar som hertugdømma Lancashire og Cornwall. Mange grevskap hadde ein grevskapsby (county town), og fekk namn etter denne (til dømes Nottinghamshire etter Nottingham).

Etter den industrielle revolusjonen med påfølgjande urbanisering blei det eit stadig større sprik mellom dei gamle grensene mellom grevskapa og busetjingsmønsteret. Det blei av den grunn nødvendig med ei rekke justeringar og reformer i lokalforvaltninga. Den siste reforma på 1990-talet gav ei inndeling i meir funksjonelle metropolitan counties sentrert rundt større byar (som til dømes Greater Manchester). I tillegg til dei 6 metropolitan counties blei område utan ein større sentralstad inndelt i 34 non-metropolitan eller shire counties. Dei gamle grevskapa blei tekne vare på som seremonielle grevskap.

Forvaltningsnivåa i England

Grevskapa - både metropolitan og non-metropolitan - er igjen delt i distrikt (metropolitan districts og non-metropolitan districts). Ei heilt ny forvaltningseining frå 1990-talet er dei 41 unitary authorities. Det er distrikt som har fått same administrative status som grevskap.

På det lågaste nivået i lokalforvaltinga finn ein dei verdslege sokna (civil parishes). Desse finst likevel ikkje overalt. London og fleire andre byar har ikkje verdslege sogn.

England har også fått ein heilt ny inndeling på eit høgare nivå enn grevskapa, dei ni regionane. Desse har ikkje folkevalde forsamlingar som grevskapa, men koordinerer visse lokalforvaltingsfunksjonar over større område. Regionane er også valkretsar for val til Europaparlamentet. Eit unntak er regionen Stor-London (Greater London), som både har ein eigen folkevald forsamling (Greater London Authority) og ein direktevald ordførar (Mayor of London). Dei 32 London boroughs og Corporation of London utgjer lokalnivået i hovudstadsregionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå engelsk geologi.

England dekker eit areal på 130 357 km². Landet grenser i nord mot Skottland og i vest mot Wales. Det er skilt frå det europeiske kontinentet av Den engelske kanalen og Nordsjøen og frå Irland av Irskesjøen.

Mesteparten av England består av lågland. Låglandsområda ligg sør og austom Tees-Exe-linja mellom utløpet av elvene Tees og Exe, og pregast av låge kritt- og kalksteinsåsar som Chilterns, Cotswolds, North og South Downs med fleire, fråskild av breie leirdaler.

Det penninske høglandet dannar eit nord–sørgåande høgdedrag sentralt gjennom Nord- og Midt-England. Berggrunnen består vesentleg av sandstein og kalkstein frå karbontida. Høgast er fjella i nord med Cross Fell på 893 moh som det høgaste.

Cumbrian Mountains utgjer eit fjellmassiv i det nordvestre hjørnet av England, dels bygd opp av eruptiv, dels av folda ordoviciske og siluriske skifrar. Området er kjend for venkeliken sin, som Lake District. Fleire toppar når over 900 moh, som Scafell Pike på 978 moh.

Den sørvestlege halvøya (Devon og Cornwall) dannar eit anna høglandsområde, mellom anna karakterisert av kuperte sandsteins- og granittplatåer, som Dartmoor på 621 moh.

Den einaste store øya som høyrer til England er Isle of Wight utanfor Southampton.

Klima[endre | endre wikiteksten]

England har eit mildt, temperert klima. Vêrlaget er særs omskifteleg, gjennomgåande med høg luftfukt.

Middeltemperaturen i kaldaste månaden er dei fleste stadene 3–5 °C, i varmaste månaden 16–18 °C. Årsnedbøren ligg i låglandet stort sett under 1000 mm, i søraust ca 500 mm. Nedbøren fordeler seg nokså jamt gjennom året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: England