Bladgull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phra Sri Rattana Chedi i (Bangkok i Thailand) er overtrekt med bladgull

Bladgull har vore bruka sidan antikken, og vert framstilt av legeringar med høgt gullinnhald. Det kan bli hamra ut til ein ekstremt tynn folie, ned mot om lag 100–1000 atomlag tynt. Eit gram gull kan ved ei tjukn på 100 nm dekkje ei flate på om lag  0,5 m².

Bladgull vert bruka til å gje ikkje-metalliske gjenstandar ein utsjånad som var dei av gull. Det kan vere forgylling av lêr i bøker eller møblar, eller motivelement i målarstykke, til dømes i ikon, eller forgylling av biletrammer av tre.

Bladgull er ikkje giftig, og kan inngå i visse kostelege matrettar.

Tillaging av elastisk gullfolie i Kanazawa i Japan