Legering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei legering er ein kombinasjon av to eller fleire grunnstoff der minst eit skal vera eit metall. Legeringar har metalliske eigenskapar. Ei legering av to grunnstoff vert kalla ei binær legering, er det tre grunnstoff vert ho kalla ternær og med fire kvarternær. Legeringar er vanlegvis utvikla for å få fram eigenskapar som er gunstigare enn i grunnstoffa. Til dømes er stål sterkare enn jern, medan messing er meir slitesterkt enn kopar og har finare glans enn sink.

Medan reine metall vil ha eit klart definert smeltepunkt, vil legeringar vanlegvis ha eit smelteområde der materialet er ei blanding av fast og flytande fase. Temperaturen der smeltinga startar vert kalla solidus og temperaturen der smeltinga er komplett vert kalla liquidus. I nokre tilfelle kan ein ha legeringar med eit definert smeltepunkt, desse vert kalla eutektiske.

I enkelte tilfelle har ein eigne namn på legeringar, slik som for amalgam, messing eller bronse. I andre tilfelle vil grunnmaterialet vera utgangspunkt for namnet, ein snakkar da om aluminiumlegeringar, sinklegeringar eller magnesiumlegeringar.