Blindelaget Solstrålen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blindelaget Solstrålen var eit blindelag i Måndalen i Romsdal i Rauma kommune. Det var truleg skipa tidleg på 1950-talet og var eit av fleire frivillige lag i bygda med formål å støtte ulike nasjonale saker og organisasjonar. Laget var eit av dei få som ikkje hadde religiøs tilknyting eller formål.

Laget samla inn pengar til blindesaka gjennom lotteri. Møta gjekk på rundgang mellom medlemmene og dei møttest ein gong i månaden. Som i dei fleste andre blindelag vart aktiviteten mindre og mindre utover 1970-talet. Det var dårleg med nyrekruttering og dei som hadde vore aktive døydde etterkvart ut. Det er ikkje kjent om møteaktivitet etter år 2000. Den siste gjenlevande medlemmen døydde i 2012.

Eit av særdraga ved laget var at dei hadde interne utloddingar på møta der vinnarane alltid var ungane i den heimen der møtet var.