Rauma kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Rauma (fleirtyding).
Rauma kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Åndalsnes
Areal 1 502 km²
 - land 1 449 km²
 - vatn 53 km²
Folketal 7 299  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Yvonne Wold[1] (SV)
Kommunenr. 1539
Kart
Rauma kommune
62°30′17″ N 7°46′55″ E
Wikimedia Commons: Rauma, Norway
Nettstad: www.rauma.kommune.no

Rauma kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Norddal i sørvest, Stordal i vest, Vestnes i nordvest, Molde i nord, Nesset i aust og til to kommunar i Oppland, Skjåk i sør og Lesja i søraust. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av kommunane Grytten, Voll, Eid, Hen og delar av Veøy.

Administrasjonssenteret i kommunen er Åndalsnes. Lokalavisa er Åndalsnes Avis som kjem ut tre gonger i veka.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Trollstigen

Rauma femner bygdene omkring den indre delen av Romsdalsfjorden og dei kortare utløparane Rødvenfjorden, Innfjorden og Isfjorden, i tillegg til 45 km søraustover inn sjølve Romsdalen med fjellstroka der. Romsdalsfjorden har høge fjell på båe sidene og kvasse tindar med tronge sidedalar mellom. Det høgaste punktet er Pyttegga på 1999 moh., som ligg på grensa til Norddal i sør. Romsdalsalpane er ei kjend fjellkjede med Venjetindan og Romsdalshorn austanfor Romsdalen og Trolltindan, Kongen, Bispen og Dronninga på vestsida. Over halvparten av arealet i kommunen ligg høgare enn 900 moh.

Busetnaden held for det meste til langsmed Romsdalsfjorden og sidefjordane. Ved utløpet av Rauma ligg byen og administrasjonssenteret Åndalsnes med 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023. På sørvestsida av utløpet er strandstaden Veblungsnes. Inst i Isfjorden ligg tettstaden Isfjorden med 1 351 innbyggjarar per 1. januar 2023. Andre tettstader i kommunen er Voll med 500 innbyggjarar per 1. januar 2023, Innfjorden med 500 innbyggjarar per 1. januar 2023 og Brønnsletten med 239 innbyggjarar per 1. januar 2023. Av mindre bygder kan nemnast Vågstranda, Måndalen, Eidsbygda, Rødven, Åfarnes, Mittet, Marstein og Verma. I 1996 vedtok Rauma kommunestyre at Åndalsnes skulle få status som by.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er ei vanleg næring i nedre part av dalane og kringom Isfjorden og Rødvenfjorden, med husdyrhald som det mest utbreidde innan jordbruket. Det er litt produktiv skog i Rauma, med ei skogavverking på om lag 3700 m3 i 2003. Det er mykje industri i kommunen, med konfeksjonsindustrien som ei tradisjonelt viktig næring. Andre næringar er tekstil-, møbel-, plastvare- og verkstadindustri. Elva Rauma er bygd ut med tre kraftverk. Størst av desse er Grytten med vassoverføringar frå Eiksefalen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Fylkesveg 63 på grensa mellom Rauma og Norddal

Raumabanen går frå DombåsDovrebanen til Åndalsnes. Parallelt med jarnbana går E 136, som går vidare til Ålesund. Frå Åndalsnes går vegar på nordsida av fjorden til Molde (Fv64) og Kristiansund, og opp Isterdalen med den kjende Trollstigvegen går Fv63 over til Valldal. I laupet av 1990-åra er det gjort omfattande sikringstiltak mot ras med bygging av m.a. Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på E 136.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Rauma har mykje turisme om sumaren, med tildrag som fjellklatring og laksefiske. Romsdalen er eit bra område for klatrarar med eitt av dei høgast overhengande stupa i Europa, Trollveggen på 1000 meter. Norsk Fjellfestival vert halden i Åndalsnes juni kvart år. Kyrkjer i kommunen er Kors kyrkje, Grytten kyrkje og Rødven stavkyrkje frå mellomalderen. På Klungnes vert Sinclairspelet arrangert om sumaren til minne om skottetoget i 1612. Nær Verma går steinkvelvbrua Kylling jernbanebru over elva Rauma. I Åndalsnes ligg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Her vert det òg arrangert musikkfestivalar årleg, av dei Trollblues og RaumaRock.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Rauma kommune frå 1920:

1910[2] 1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6][7][8][9] 1.1.1961[5][6][7][8][9] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
6792a 7628a 7392a 8319a 8942a 9069a 8041 8149 7825 7422 7413
a Talet omfattar Veøya, Sekken og Nesjestranda, som var del av gamle Veøy kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Molde kommune. Desse områda hadde då 756 innbyggjarar.

Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

Kjende raumaværingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nrk.no/mr/yvonne-wold-blir-ordforer-i-rauma-1.14699272
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Rauma/Grytten 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Voll 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Eid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 8,0 8,1 Folkemengd i Hen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  9. 9,0 9,1 Folkemengd i Veøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 62°34′5.2″N 7°41′10.0″E