Bo Giertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bo Giertz

Bo Harald Giertz (fødd 31. august 1905 i Räpplinge på Öland, død 12. juli 1998 på Djursholm) var ein svensk biskop og forfattar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bo Giertz var son til Anna, fødd Ericsson, og professor Knut Harald Giertz.

Bo Giertz tok artium i Stockholm 1924, og same hausten begynte han å studere ved Uppsala universitet. Giertz kalla seg ateist då han begynte på medisinstudia. Seinare gjekk over til å studere latin, gresk og antikk historie. Etter å ha høyrt ei forelesing av Natanael Beskow bestemde han seg for å bli ein aktiv kristen og studere til prest. Han heldt fram studia i Roma våren 1927 og i Jerusalem våren 1931. Han vart cand.fil. i 1928 og cand.teol. 1931. I 1932 vart han reisesekretær for Sveriges kristliga gymnasiströrelse. 28. desember 1934 vart han ordinert til prest, og i 1938 vart han kyrkoherde i Torpa.

På denne tida skreiv han mange av sine viktigaste bøker. [1]

1. april 1949 vart Bo Giertz utnemnd til biskop for Göteborgs stift. [2]

Blant anna gjennom bøkene har Giertz inspirert fleire generasjonar prestar. Etter at han i 1970 gjekk av med pensjon, tok Giertz for alvor laus på arbeidet med å omsetje Det nye testamentet. Omsetjinga var klar i 1981.

År 2004 valde lesarane i Kyrkans tidning Giertz til 1900-talets viktigaste kristne leiar i Sverige.

Bo Giertz vart gift i 1932 med Ingrid Sofia Margareta Andrén (1908-1942), sidan (1945) med finlandsfødde Elisabeth Margareta af Heurlin (1919-1968) og sist (1983) med Karin Lindén, (1931-1996).[3][4]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Fullstendig bibliografi trykt i festskriftet "Till Bo Giertz 31 augusti 1965" 1965.

  • 1939 - Kristi kyrka (om återupptäckten av Svenska kyrkan som katolsk) - 7. utg. Verbum, 1991. ISBN 978-91-526-1899-8
  • 1939 - Kyrkofromhet (om det kristna livet, söndaglig mässa, bön, äktenskapet) - Nyutg. Artos, 2001. ISBN 978-91-7580-208-4
  • 1941 - Stengrunden : en själavårdsbok (roman, filmatisert) - Seinaste trykk: 23. tr. Församlingsförlaget, 2003. ISBN 978-91-7271-027-6
  • 1942 - Grunden (konfirmasjonslærebok) - 23. oppl. Verbum, 1975.
  • 1943 - Tron allena (roman) - 7. oppl. Församlingsförlaget, 1998. ISBN 978-91-972635-7-3
  • 1945 - Den stora lögnen och den stora sanningen
  • 1947 - Kampen om människan
  • 1948 - Med egna ögon (roman om Jesus)
  • 1972 - Riddarna på Rhodos (roman)
  • 1976-1982 - Nyöversättning av Nya testamentet med kommentarar (12 band)
  • 1996 - Då föll Herrens eld - nytt liv i tjänsten (preiker og talar)
  • 2001 - Kyrkofromhet - Guds väg till människans hjärta (nyutgåve)
  • 1984-85 - Förklaringar till Nya testamentet: (2 oppl. 2001)
    • Del 1, Matteus - Lukas.
    • Del 2, Johannes - Korinterbreven.
    • Del 3, Galaterbrevet - Uppenbarelseboken.
  • 2006 - Söndagsboken: Advent-Pingst (Bo Giertz preiker i utval ved Stig Andersson Stig Andersson). Församlingsförlaget. ISBN 978-91-7271-051-1
  • 2007 - Söndagsboken: Trefaldighetstiden (Bo Giertz preiker i utval ved Stig Andersson). Församlingsförlaget. ISBN 978-91-7271-052-8

Skrift omsette til norsk, i digitale utgåver[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Markus Klefbeck: "Bo Giertz i Torpa" s.42-55 i Imberg, Rune(red.) 'Talet om korset - Guds kraft: till hundraårsminnet av Bo Giertz födelse'. Göteborg: Församlingsförlaget 2005.
  2. Norborg, Göteborgs stift 1885-1949. Biografisk matrikel över stiftets prästerskap, 1949 s.19
  3. Göteborgs stift 1885-1949. Biografisk matrikel över stiftets prästerskap, Knut Norborg, Meijels Bokindustri, Halmstad 1949 s.19
  4. Sveriges dödbok 1947-2003, (ver.3.0) (CD-ROM) Riksarkivet 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]