Det nye testamentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symbol for dei fire evangelistane, Matteus, Markus, Lukas og Johannes, frå «Book of Kells».

Det nye testamentet, ofte forkorta til NT, er ein del av den kristne Bibelen. Det inneheld 4 evangelium, 13 brev tillagt Paulus, Hebrearbrevet, 7 andre brev og Johannes' openberring. Dei 27 skriftene handlar om Jesus og om dei første kristne. Tekstane er opphavleg skrivne på gresk.[1] Uttrykket «Det nye testamentet» tyder eigentleg 'den nye pakta' som dei kristne meinte dei hadde med Gud. Nemninga kom i bruk rundt år 200.[2]

Tekstene i NT vart truleg skrivne frå om lag år 50 etter Kristus, og fram til om lag år 100 (openberringa).[1] Andre tekstar som gjerne vart skrivne etter år 100 vert ikkje rekna som kanoniske av alle kyrkjesamfunn, men kan omtalast som gnostiske, apokryfe[3] eller pseudepigrafiske.

Det nye testamentet vart redigert og gjort ferdig mot slutten av 300-talet etter ei lang utveljingsprosess og harde drøftingar. Hovudæra for dette arbeidet vert gjeven Hieronymus, som gav NT den forma det har hatt sidan. Hans utgåve var einerådande i vestkirka fram til 1511, då grunnteksta vart omsett på nytt frå gresk av Erasmus frå Rotterdam. Inndelinga i vers blei innført i testamentet trykt av Robert Étienne i 1551.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bibelen» (20. november 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.
  2. Seim, Turid Karlsen. https://snl.no/Det_nye_testamente «Det Nye Testamente»] (9. august 2012), Store norske leksikon.
  3. Barstad, Hans M. https://snl.no/apokryfer «Apokryfer»] (19. september 2014), Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det nye testamentet
Spire Denne kristendomsartikkelen som har med litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.