Bo Hamburger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bo HAMBURGER.jpg

Bo Hamburger (fødd 24. mai 1970) er ein tidlegare profesjonell syklist frå Frederiksberg i Danmark.

Hamburger konkurrerte i sykkelløpet Tour de France frå 1993 og fram til 2000. Då vart han sparka frå Team CSC, det dåverande sykkellaget hans, etter at han på a-prøva testa positivt på dopingmiddelet EPO. Han vart seinare frikjend i 2002 av både Danmarks Idræts-Forbund og av den internasjonale sportsdomstolen.

Han avslutta karrieren si i 2006 etter å ha sykla profesjonelt i 16 år.

I boka Den største pris - en cykelrytters bekendelser som kom ut i Danmark i 2007 innrømte Hamburger å ha nytta EPO mellom 1995 til 1997. Han skal ha slutta av di han hadde ein naturleg høg hematokrittverdi, volumprosenten av raude blodlekamar i blodet. Når han tok EPO, vart difor nivået konstant over 50, som var grensa for å få karantene av helsemessige grunnar. Han skal også ha nytta veksthormon i 1996.