Bolmsö
| Bolmsö | |
| øy | |
|
Bolmsö kyrkje
|
|
| Land | |
|---|---|
| Len | Kronobergs län |
| kommune | Ljungby kommun |
| stad | Innsjøen Bolmen |
| - koordinatar | |
| Lengd | 15 km |
| Breidde | 4 km |
| Areal | 42 km² |
Bolmsö er ei svensk innlandsøy i innsjøen Bolmen. Øya høyrer til Ljungby kommune i Kronobergs län i landskapet Småland. Med eit areal på 42 kvadratkilometer er Bolmsö den 25. største øya i Sverige og den største øya i landskapet Småland og i Kronobergs län.[1] Øya strekkjer seg omlag 15 kilometer i nord-sørleg retning, og har ei breidd på fire kilometer. Flatt/småkupert landskap på morenegrunn.
Det er brusamband frå Bollstad sentralt på Bolmsö til Tannåker på den austlege fastlandssiden av Bolmen. Det er ferjesamband vestover frå Bolmsö til Sunnaryd i Gislaved kommune.
Øya har mange oldfunn, graver frå yngre jernalder og ein skipssetning ved Bollstad.[2] I følgje Hervors saga om det magiske sverdet Tyrving skulle berserkane Arngrim og Agantyr ha kome frå Bolmsö.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bolmsö» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dei 50 största öarna - Statistiska centralbyrån
- ↑ På spaning med arkeologen - Ein guide til forlämningar i Ljungby kommun