Bombinga av Høyanger 1941

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bombinga av Høyanger 1941 fann stad 9. april 1941, då aluminiumsverket i Høyanger vart bomba av allierte fly. Fabrikken fekk ikkje store skadar. Då bombinga var over låg det tre ueksploderte bomber att.

Fire dødsdømte motstandsfolk frå Rogaland vart lova nåde om dei fjerna bombene. Dei avslo tilbodet, men fjerna likevel bombene.

Nesten heile Høyanger sentrum vart evakuert når dei fire arbeidde med fjerne bombene. Fangane var vakta av tyske soldatar slik at dei ikkje skulle rømme medan dei fjerna bombene.

Bombene vart søkkte på djupt vatn i Sognefjorden. Fangane overlevde, men vart sende attende til Bergen kretsfengsel, kor dei sat fengsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]