Bona fide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bona fide er eit latinsk uttrykk som betyr «i god tru».

I ein juridisk samanheng er det viktig om den gode trua knyter seg til dei faktiske omstenda - god tru de facto, eller til rettsreglane - god tru de jure. Det kan også vere viktig om den gode trua knyter seg til konsekvensen av ei handling. God tru kan såleis etter omstenda medføre at ein ikkje blir halden ansvarleg - erstatningsrettsleg eller strafferrettsleg, for handlingar som elles hadde danna grunnlag for ansvar.

Det er grunnleggande at den gode trua må vere aktsam. Det er såleis ikkje nok å vere i god tru, den gode trua må også basere seg på at ein har gjort dei undersøkingane som ein normalt aktsam person vil foreta seg.

Det skal spesielle omstende til for at ein skal kunne påberope seg god tru når det gjeld manglande kunnskap om rettsreglar, såkalla rettsvillfarelse. Ein rettsstat må legge til grunn at borgarane pliktar å setje seg inn i dei rettsreglane som gjeld for den aktiviteten borgarane gir seg i kast med.

God tru når det gjeld faktiske omstende, faktisk villfarelse, er langt meir praktisk, og blir ikkje sjeldan lagt til grunn. Den aktsame gode trua og dei gode intensjonane blir då retningsgjevande for korleis handlingar skal vurderast.

Aktsam god tru er også avgjerande i dei tilfella det er spørsmål om godtruerverv, ekstinksjon, til dømes ved godtruerverv av lausøyre etter Godtruervervslova og hevd etter Hevdslova.

Bona fide blir ikkje brukt som uttrykk i Noreg i særleg grad, ein brukar i staden omgrepet «i god tru» som ein såkalla juridisk standard.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]