Rettsstat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysk frimerke frå 1981 som reknar rettsstaten som ein av grunntankane i eit demokrati.

Rettsstat eller lovstat er nemningar for ein stat som blir styrt etter offentlege generelle rettsreglar. I ein rettsstat står prinsipp om legalitet, rettstryggleik og maktfordeling sentralt. Ein reknar også med at ein slik stat har eit velutvikla og sivilisert rettssystem. Motsatsar til rettsstat er til dømes politistat eller anarki.

Idé og grunnprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Tanken om rettsstaten voks fram i Europa på 1700-talet under eineveldet til ulike monarkar. Til motsats frå desse skulle ein ikkje kunne handle slik han sjølv finn det for godt. Det var den franske opplysningsfilosofen Charles Montesquieu som unnfanga maktfordelingsprinsippet, ein modell som delar staten inn i tre sjølvstendige delar: den lovgjevande makta, den utøvande makta og den dømmande makta. Kvar del av statsmakta skulle føre tilsyn med dei andre, slik ein del ikkje kunne opptre lovstridig eller kritikkverdig utan innblanding frå dei andre delane. Med dette ville ein få ein balanse mellom statsmaktene.

Legalitetsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei viktigaste prinsippa i moderne rettssystem er kravet om legalitet. Dette prinsippet medfører at den utøvande makta aldri kan gripe inn overfor borgarane i landet utan å ha heimel for dette i gjeldande rettsreglar. Staten sitt maktområde er difor underlagt ei negativ avgrensing, medan borgarane i landet er omfatta av ei positiv avgrensing. I praksis vil dette seie at ein person eller ei verksemd kan utføre ein alle aktivitetar som ikkje er forbodne eller regulerte gjennom rettsreglar. Staten derimot, må han ein rettsregel for å til dømes krevje inn skatt eller påleggje folk verneplikt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]