Boopsie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boopsie, eigentleg Barbara Ann Boopstein, er ein fast figur i teikneserien Doonesbury, og har vore med frå hausten 1971. Ho har i alle år vore i følgje med fotballspelaren B.D..

Då Boopsie først synte seg, var ho cheerleader, tenåring, og ute av stand til å halde ei tankerekkje eller seia ei setning utan å fnise. Boopsie vart innført til dels som ein motvekt til feministen Nichole, og dels som eit slag midtside-jente. Opp gjennom serien har ho hatt ei rekkje roller, først som cheerleader, seinare som New Age-kanalisator og alternativist, oppteken av sjølvutvikling på 80-talet, modell for Playboy og tredjerangs filmstjerne i Hollywood. Dette siste karriere-løpet gjekk ikkje bra, like mykje av di B.D. var manager, og han var svært eigekjær.

Då Boopsie tok til å kanalisere for alvor, vart ho snart talerøyr for den 30.000 år gamle krigaren Hunk-Ra. Når han "tok over" skifta Boopsie utsjånad og framstod med ville auge og amasone-rustning. Omgjevnadene tok dette med stor ro, og dottera Samantha bad berre om å "få mora" når Hunk-Ra blanda seg i kva samtale det skulle vera. Under desse seansane var Boopsie både fordømmande og profetisk, men dei kom til ei avtale der den gamle krigaren laut halde seg unna med tida.

Samantha vart fødd på 90-talet, og var lenge ein tru kopi av mora. Boopsie og B.D. flytte inn i det gamle Walden-kollektivet, der dei bur i lag med Zonker Harris, som har mange drag sams med Boopsie. Zonker er noko nær profesjonell barnevakt for Samantha.