Borgarkrig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Borgarkrig er ein type krig som går føre seg innan eit land eller ei statsdanning. I ein slik krig kjempar to eller fleire grupper av innbyggjarar innan eit land om makta. Målet med krigen er å ta kontroll med landet, sjølvstende for eit område eller å forandre politikken i eit land. Ein borgarkrig er ei høgintensiv konflikt, som ofte involverer regulære hærstyrkar og forbruker store ressursar. Etter den andre verdskrigen har borgarkrigane i snitt vart i fire år. Det er ein kraftig auke samanlikna med perioden 1900-1940 då borgarkrigane vara i snitt halvanna år. Etter den andre verdskrigen har borgarkrigar ført til meir enn 25 millionar dødsfall og store mengder flyktningar og fordrivne. Krigane har og ført til økonomisk kollaps i ulike land.

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.