Borgarkrigen på Sri Lanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Folk som flykter frå Vanni-området i januar 2009.

Borgarkrigen på Sri Lanka var ein konflikt på Sri Lanka som varte frå 1983 til 2009. Borgarkrigen stod mellom den tamilske separatistrørsla LTTE (dei tamilske tigrane) på den eine sida og dei hovudsakleg singalesiske styresmaktene i landet på den andre.

Konflikten tok utgangspunkt i etniske motsetjingar mellom tamilar og singalesararSri Lanka som oppstod under kolonitida. Ho veksla mellom open krig og våpenkvile, og omfatta store tap og menneskerettsbrot frå begge sider. LTTE nytta barnesoldatar og sjølvmordsåtak i kampen, medan styresmaktene stod bak bortføringar av mistenkte sympatisørar og valdsame åtak som råka mange sivile. Ein reknar med at mellom 80 000 og 100 000 menneske blei drepne i løpet av krigen. Fleire hundre tusen menneske blei flyktningar, anten internt i landet eller dei drog til andre land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Borgarkrigen på Sri Lanka
Spire Denne militærartikkelen som har med Sri Lanka å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.