Botn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Botn i Skutulsfjörður i Ísafjarðardjúp

Ein botn er ein breerodert dal som ser ut som eit amfiteater. Botnane blir erodert av botnbrear og er vanlege landformer i Noreg. Botnane kan bli danna på stader det ellers ikkje er brear på grunn av lokale klimaforhold. Typiske botnar på den nordlege halvkula ligg i eit skuggeparti på ei nordvest-vendt fjellside og i le for den vanlege vindretninga, noko som gjer at snø samlar seg opp.

Viss breen trekkjer seg bakover eller forsvinn kan endemorena nedst i botnen demme opp ein liten innsjø.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.