Brad Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brad Walker under verdsmeisterskapen i 2007

Brad Walker (fødd 21. juni 1981) er ein amerikansk stavsprangutøvar.

Walker vart fødd i Aberdeen i South Dakota. Han gjekk på University High School i Spokane i Washington og konkurerte i fotball og friidrett. Mens han gjekk på University of Washington vart han innandørs collegemeister i stavsprang to gonger. I 2005 vart han amerikansk meister både innandørs og utandørs.

I verdsmeisterskapen i friidrett i 2005 tok Walker sølv med eit sprang på 5,75 meter. I 2006 vann han innandørsverdsmeisterskapen i Moskva med 5,80 meter. I juli 2006 hoppa han over 6 meter for første gong. Han vart verdsmeister i stavsprang i 2007 med 5,86 meter. Han sette ny personleg og amerikansk rekord 8. juni 2008 med 6,04 meter.