Sør-Dakota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of South Dakota
Delstatsflagg for Sør-Dakota Delstatsvåpen
Kallenamn: The Mount Rushmore State
Sambandsstaten Sør-Dakota
Hovudstad Pierre
Største by Sioux Falls
Guvernør Mike Rounds
Offisielle språk Engelsk
Storleik 199 905 km²
 - Areal, land 196 735 km²
 - Areal, vatn 3 173 km² (1,6%)
Folketal (2000) 754 844
Folketettleik 3,84 /km²
Sambandsstat sidan 2. november 1889
Forkorting SD

Sør-Dakota (engelsk:South Dakota) er ein delstat i USA. Hovudstaden er Pierre, men den største byen er Sioux Falls.

I Sør-Dakota ligg Mount Rushmore, fjellet der likskapen til fleire amerikanske statsmenn er hogne ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sør-Dakota blei godkjend som eigen stat i ein lov vedteken den 22. februar 1889, saman med Nord-Dakota, Montana og Washington. Dei to Dakotaene blei formelt innlemma i USA av president Benjamin Harrison den 22. november same året. På grunn av mykje kiving mellom nord og sør, sørgde presidenten for å stokka om papira deira slik at ein ikkje skulle finna ut kva stat som var blitt innlemma først.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Eddie Plenty Holes, ein lakota-sioux, rundt 1899. Foto: Herman Heyn

Dei første franske og andre europeiske oppdagarane i området møtte fleire innfødde folkegrupper, til dømes omahaene og arikaraene, men ved byrjinga av 1800-talet var siouxane (dakota, lakota og nakota) dei dominerande gruppene.

I dag er staten dominert av kvite, 88% definerte seg som dette i folketeljinga i 2003. Samstundes har staten den største konsentrasjonen av folk som definerer seg som urfolk i fastlands-USA, 8,3%. Heile 40,7 % av innbyggjarane stammer frå tyskarar og 15,3% frå nordmenn. Dette er dei to største "avstammingsgruppene" i Sør-Dakota, med irar, indianarar og engelskmenn som følgjer.

Kjende personar frå Sør-Dakota[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.