Brannskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nederlandske brannskip til åtak mot det engelske flaggskipet «Royal James» i slaget ved Solebay (1672). Måla av Willem van de Velde the Younger

Eit brannskip er eit fartøy som blir sett i brann for så å drive med vind og straum ned på krigsskipa til motstandaren under eit sjøslag. Føremålet med brannskip var å øydeleggje fartøya til fienden, skape panikk og bryte opp formasjonar. Fartøy som vart brukte som brannskip var vanlegvis gamle og utbrukte, eller billige fartøy bygd berre for dette.

Brannskipet på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Dei siste tradisjonelle brannskipa som framleis vart nytta som eit effektiv våpen mot flåtestyrkar vart brukt av dei greske opprørarane under den greske sjølvstendekrigen (1821-1829). I løpet av krigen vart 59 brannskip sende mot dei tyrkiske krigsskipa, og 39 klarte å treffe og øydeleggje dei tiltenkte måla sine.

Den største eksperten i bruk av brannskip var den kjende kapteinen Konstantin Kanaris (1793-1877), som med tilnamnet «tyrkaranes terror» råka og søkkte fleire krigsskip. Det meste kjende åtaket var om natta den 18. juni 1822 utanfor Khios, då flaggskipet «Mansur el Liwa» på 80 kanonar vart sett i brann og øydelagt med eit tap på over to tusen menn, inkludert admiral Kapudan Pasha Kara Ali, som hadde gjennomført den fælslege Khiosmassakren i førevegen. Same år klarte ikkje Kanaris å øydeleggje det neste flaggskipet under eit sjøslag ved Ténedos (i dag Bozcaada) i september, men råka i staden for skipet til viseadmiralen som deretter vart øydelagt.

Brannskip i Norden[endre | endre wikiteksten]

Under dei dansk-svenske krigane som pågjekk i fleire hundreår fram til 1814, hadde mange sjøslag funne stad mellom flåtane frå Danmark-Noreg og Sverige. Men nytte av brannskip som ein del av stridsplanen deira under sjøslaga vart sjeldan krona med suksess.

Det meste verknadsfulle åtaket med brannskip fann stad under slaget ved Öland den 1. juni 1676 under den skånske krigen (1675-1679), for hendene på kaptein Willem Willemsze ombord på brannskipet «T´Hoen». Dette hollandske brannskipet rann inn i det svenske krigsskipet «Svärdet» og sette det i brann, i strid med ordrar frå admiral Cornelius Tromp som kommanderte den allierte flåten frå Danmark og Nederlanda. Svenskane hadde allereie overgjeve seg etter ein hard strid, som bevis på dette vart flagget stryke. Tromp sette ut ein båt som skulle hente den svenske admiralen Uggla som krigsfange, men Willemsze gjekk til åtak utan varsel. Etter «Svärdet» var sett i brann, nekta Uggla å sløkke brannane, og gjekk i staden med storskipet. Berre 51 av besetninga på 670 menn overlevde. Willemsze vart teken i arrest av Tromp som var heilt frå seg over dette lovbrotet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brannskip