Bredbyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°26′45″ N 18°6′25″ E

Bredbyn er ein tettstad i Örnsköldsviks kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i Sverige som òg husar Anundsjö sockens kyrkje, Anundsjö kyrka. Tettstaden var tidlegare eit municipalsamhälle. Bredbyn er eit villasamfunn som ligg ved Moälven cirka førti kilometer nordvest for Örnsköldsvik og cirka 10 kilometer vest for Mellansel. Den største arbeidsgjevaren i tettstaden er Polarbröd AB, som har eit bakeri i utkanten av Bredbyn.

Sagavägen går forbi Bredbyn, og Norra stambanan-sporet er lagt litt sør for tettstaden. Tidlegare kunne reisende herfrå bruke Anundsjö station, men Mellansel station som ligg på Stambanan genom övre Norrland har teke over den rolla.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Fra 1535 er skrivemåten kjend Breby og frå 1542 Bredbyn. Prefikset er adjektivet bred i betydningen geografisk omfang, medan suffikset by viser til ein gruppe garder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]